Om kunstverket
Den tekstgraverte katodeplata viser til dei fyrste handskrivne mannskaps-protokollane, der me fann namnet til to av forfedrene våre som var tilsette ved The Alby United Carbide Factories tidleg på 1900-talet. Tanken er å gje ein hyllest til dei fyrste arbeidarane som arbeidde under svært harde tilhøve. Magnetforma kan sjåast som eit bilete på tiltrekning og kraft. Samt at den referer til triumfbogen, ein passasje som skal leie til noko nytt.
Monumentet seier noko om en sameinande identitet, og kollektiv forståing av Odda sin historie, samt at det er eit verk som tematiserer overgangen frå industrikultur til kulturindustri. Me vil gjennom dette vektlegge at den teknologiske innsatsen ikke lenger dreier seg om å beherske naturen, som i industrisamfunnet, men om å beherske samfunnet, og ikkje minst beherske tilhøvet imellom menneske. Det er også viktig å lese arbeidet som eit symbol på ein langt større internasjonal industrialiseringprosess og videreutviklinga av kapitalismen sine krefter som gjennom tidene har gått, og held fram med å gå på bekostning av menneskeliv