Om kunstverket
Tanken om ei hovudvegssamband mellom Austlandet og Vestlandet over Haukeli var allereie gammalt då Stortinget i 1857 gav den første løyvinga til veganlegget. Vegarbeidet starta nede i Odda, heldt fram oppover mot Røldal og vidare til grensa av Telemark. Låtefoss bru stod ferdig i 1859, og var det første verkeleg store einskildprosjektet langs vegen.
Stor bru Omtrent 1,5 mil opp frå Odda sentrum renn Låtefoss ut i Storelva. Her måtte vegen over, og Låtefoss bru, ei 6-løpa steinkvelvsbru, blei bygd. Den blei heile 60 meter lang, om lag 4,5 meter høg, og hadde ei køyrebreidde på 3,6 meter. 4 av løpa var kring 5 meter breie, medan dei to siste målte godt over 6 meter. Som så mange andre steinkvelvsbruer er ikkje helie kroppen bygd av steinblokker. Dei dannar eit «skal», som på innsida er fylt med sand, grus og mindre stein.
Vasspruten frå fossen står så å seie konstant over vegbanen, så det må ha vore ei våt oppleving å lage brua. Spesielt problematisk har kanskje fuginga av kvelva vore - mørtelen bør helst ikkje vere for fuktig for å klare å bitte skikkeleg. Men det at Låtefoss bru framleis er ein del av riksvegsnettet, viser at jobben blei fagmessig godt utført.
Utvidinga Utover på 1900-talet blei bilane fleire og større, og Låtefoss bru heldt ikkje lenger mål. Kring midten av 1940-åra blei brua difor utvida med om lag 2 meter ut mot Storelva, slik at totalbreidda kom opp i over 6 meter og den asfalterte køyrebreidda blei 5,5 meter. Under asfaltdekket fekk brua ein 20 centimeter tjukk armert betongplate, langs køyrebanen blei betongfendrar sette opp som rekkverk, og isbrytarane ut mot Storelva blei bygde inn i sjølve brulekamen. Dei 5 isbrytarane opp mot fossen på «baksida» av brua, derimot, står der framleis.
Litt morosamt er det at den delen som turistane ser og fotograferer i dag, faktisk blei bygd som ei vegutviding for kring 50 år sidan. Ikkje i 1859/1860 slik mange trur!
Utsiktskafeen
50-60 meter sør for brua går ein flott chausséveg oppover fjellsida på austsida av vegen. Den endar ved eit utsynspunkt lenger oppe ved fossen, der vi også finn ruinane etter den gamle utsiktskafeen som vegen var bygd til. Turistar kom frå fjern og nær, frå innland og utland, og hadde Låtefoss som eit av sine mål. Frå Odda blei dei frakta i karjol inn til fossen, fekk tatt seg ei forfrisking ved kafeen medan dei beundra fossen, og sidan køyrde ned igjen til båten eller hotellet i Odda.
Kilde: Digitalt museum